Bård Inge Bø gir oss referat frå Stordleikane som gjekk av stabelen denne helga.

Friidrettsgruppa i Fitjar IL hadde med seks deltakarar på Stordleikane som vart arrangert no i helga (19.-21.08). Alle beit godt frå seg, og igjen var det Tone (12) som «glefste» aller høgast og mest, i dei tidvis vanskelege vêrtilhøva: 60m som denne gongen gjekk unna på 8,79 sek gav førsteplass og gull, 17 hundredeler føre erkekonkurent Kari Kuvaas Herting frå Bergens turn. 40m på 6,28 levna heller ingen tvil om kven som er kjappaste 12-åring i fylket; gull igjen.

Høgde med tilløp gjekk føre seg i dei verste regnbygene på søndag.Tone sklei og fekk ikkje heilt til rytmen i tilløpet, men takla likevel dei ufyselege forholda flott då ho spratt over 1,38m, ein cm over pers. Gull igjen på Tone, 11cm føre nr to.

I lengde med tilløp og tresteg vart det igjen litt meir kluss i tilløpet. For å få litt konkuranse var Tone meldt opp tre årsklasser i tresteg. Her fekk ho ingen gyldige sprang, men ville på ein middels dag ikkje hatt nokon problem med å tukte dei «vaksne damene». Meir programmessig i lengde; gull med 4,34m.

Den siste øvinga, 60m hekk, stilte Tone opp i utan å ha trent på hekk i det heile siste månadene Likevel hevda ho seg flott også her; sølv bak allereie nemnde Kari Kuvaas Herting.Totalt: fire gull og eit sølv på Tone!

Av dei andre Fitjar-medaljørane må vi nemne Ådne Kongestøl Vik(13) som strekte seg til fine 8,63 og sølv i tresteg, ein iskald cm føre nr tre. I høgde synte Ådne igjen at han er stabil på høgder opp mot 1,40(som han oppnådde førre helg). 1,36m gav den litt «bitre» 4.plassen, men var ei fin stadfesting av at endå større høgder er innan rekkevidde, under betre forhold.

Den andre tenåringen frå Fitjar, Sandra Pedersen(13), var nokre få hundredeler frå ein finaleplass med sin sterke 60m på 9,38. Denne tida er så å seie identisk med hennar personlege rekord frå Mai-lekene (9,37), og gav ein fin 8.plass.

Ein litt sjukdomsredusert Markus Kongestøl Vik sprinta inn til 11,66 på 60m og 14.plass. Markus deltok også i lengde med tilløp.

Av rekruttane var det denne gongen Rebekka Tverborgvik(9) og Anna Sandvik Bø(7) som forsvarte Fitjar sine fargar. Dei markerte seg flott i høvesvis liten ball og 40m (Rebekka), og lengde med tilløp (Anna), og mottok deltakarmedaljer for sin innsats