Mykje blide folk, enorme mengder kle, ein god del sal og god steming prega gjennbruksdagen til småbarnstreff.

Som vanleg var over 50 små og store samla til babysong og småbarnstreff på Fitjar bedehus. Etter endt songstund, og matøkt vart sekkar, posar og øskjer med kle pakka fram og lagt utover bord og hengt opp på gardinbretta. Det var store mengder med kle. Mest i dei små storleikane, men og litt for dei med eldre ungar. Folk syns det var positivt at dei på denne måten kunne få hjelp til at fint brukte kle kunne gå i arv til andre. Dei betalte med glede 10 kroner pr plagg, og var glad for å  kunna støtta småbarnstreff på denne måten. Ein del sal vart det og, og fleire gjekk heim med bæreposar med «nye» kle. «Eg handlar berre kle to gongar i året eg», sa ei, «og det er her på småbarnstreff.» Det vart og sagt at dei akkurat hadde oppdaga at dei trong nye vinterdressar. Då var dette eit flott høve til å få tak i ein fint brukt, som ellers berre hadde teke opp plass i skapet til ein eller ei som hadde vokse utav den. Sjølv om mange handla, var nok tilbodet langt større enn etterspurnaden, då dei fleste jo tilbyr kle i same storleik. Anna enn kle var det ingen som hadde med seg denne gongen, sjølv om nokon sakna både leiker og ski.

Pengane som kom inn kjem godt med for babysong og småbarnstreff. Det er populært å spela på rytmeinstrument, og når det no kjem over 30 ungar kvar gong, har dei hatt litt for få instrument, men no er det allereie bestilt inn fleire. Det er og heilt gratis å vera med på baysong og småbarntreff, og det går litt pengar til å handla inn kaffi, te og saft, som vert servert til nista kvar gong. Av og til vert det og litt ekstra å bita i, kjeks, litt frukt, eller vaflar på leikplassen. 

Ungane var naturleg nok ikkje så interesserte i kle, men brukte tida til å leika i lag. Dei teikna, farga, leikte med bilar, las i bøker, leikte med klossar og dyr, eller bygde kjempehøge klossetårn.

Dette var den andre gjennbruksdagen på småbarntreff dette året. Når ein høyrde den positive responsen til dei som var på veg ut døra etterpå, kan ein ikkje gjera anna enn å gjennta dette til våren igjen, når ein skal over på vår- og sommargarderoben. Og så kan ein då håpa på at endå fleire vågar seg inn på bedehuset for å handla i «gjennbruksbutikken».