Harald Engevik og handballdamene var onsdag kveld på tur til Os, og kom heim att med 2 velfortente poeng. Det kvalifiserte til andreplass på tabellen, over opprykksstreken.  

Med ein knallstart såg det ut for å gå vegen for Fitjar-damene. Men etter kvart vakna Os frå dvalen, og damene fekk  motstand. Kjensla var difor god då det synte 30-32 ved kampslutt. «Det er alltid kjekt å vinna jamne kampar! Dette var viktig for oss, og gav jentene god sjølvtillit med tanke på den viktige kampen me har på sundag», seier hjelpetrenar Harald Engevik. Sundag møter damene serieleiar Fana på bortebane.

Godt angrepspel
Då damene møtte Fana heime, enda det med kjempetap. I følgje Harald vil ikkje dette gjenta seg. «- I dag var det mykje bra spel framover. Spelarane var aggressive, og ville ha mål. At straffeskota våre endeleg sit, er òg med på å avgjera kampar som denne. Med den intensiteten me hadde i dag, og som jentene har synt på trening den siste tida, har eg god tru på at me kan gi Fana god motstand på sundag. Det som skuffa meg litt i dag, var det usikre forsvarsspelet. Men ut frå det eg har sett dei siste kampane, veit eg at dei kan om dei verkeleg vil».

Ingvild x 2
Ingvild Kannelønning viste seg vel fortent til kapteinsrolla i dag, med god kontroll både fram- og bakover. Ho spelar med ei stor ro, som smittar over på dei andre jentene, då spesielt i forsvar. Med klare beskjedar til resten av laget fekk ho roa ned eit til tider kaotisk forsvarsspel. Sjølv med frimerke i store delar av kampen stod det sju måloppføringar bak namnet hennar ved kampslutt. Ingvild Rimmereid må òg trekkjast fram i onsdagens kamp. Ho våga å trø til då det gjaldt, og scora fleire fine og viktige mål. Også ho stod oppført med sju scoringar ved kampslutt.

Spelarar (mål i parentes)
Kristine Korsvik – målvakt
Solveig L. Fitjar – målvakt
Charlotte Ayoe Solberg (4)
Randi Thorland (7)
Marita Nysæther
Maria Larsen (5, 3 av desse på straffe)
Lillian Gjuvsland
Amalie Korsvik
Ingvild Kannelønning (7)
Kristin T. Dahl (2)
Ingevil Rimmereid (7)