I ei  undersøking av analysebyrået EPSI Norge, som vart presentert 29. oktober, går det fram at Altibox-kundane er dei mest nøgde kundane når det gjeld digital-TV og breibandtenester.

På Fitjar er det Fitjar Kraftlag som leverer denne tenesta, og elverksjef Håvard Singelstad er godt nøgd med det.

– Dette betyr sjølvsagt mykje for oss i Fitjar Kraftlag. EPSI-undersøkinga tyder at me gjer mykje rett, og resultata gjev oss auka motivasjon til å stå på vidare for kundane våre, seier han. Det er femte året på rad at Altibox skil seg ut mellom selskapa i telebransjen.

Fiber er nøkkelen
– Fibernettet er naturlegvis nøkkelen i vår breibandleveranse, og framover trur me internettkvardagen vil handle om to ting: kapasitet og hastigheit nok til at alle kan sjå og gjere det dei vil på nettet, seier Håvard Singelstad, til slutt.

Ingressbilete: Atlibox TV-portal.