Kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu skal delta i TV-programmet «Debatten» som vert sendt torsdag kveld mellom 21.30 og 22.30 på NRK 1. Programmet vert sendt direkte i frå Handelshøyskolen BI i Oslo.

Denne gongen er det ingen tradisjonell debatt – men meir ei samtale om situasjonen i Japan. Ein vil òg følgja nyhetsbiletet tett. Mellom anna vil ein ha med Greenpeace frå Osaka på link – og ei norsk kvinne som er  i Japan, på skype.

Det er i skrivande stund ikkje heilt klart kven som skal vera med i panelet. Men etter det fitjarposten.no erfarer vil truleg desse delta:

Jonas Gahr Støre eller Erik Solheim, Sven Mollekleiv (president Norges Røde Kors), Ole Harbitz (direktør Statens Strålevern), Kuvet Atakhan (professor Institutt for geovitenskap) Lars Weiseth, professor i krisepsykiatri Hilde Bjørnland – med fleire.

Nobu skal vera publikumsgjest, og sitja i første rad mellom publikum, slik at programleiaren, Erik Wold, kan snakka med han. Truleg vil han bli utfordra til å snakka om korleis han vart førebudd på jordskjelv då han var barn, og om kva tankar han har om det som no har skjedd i det opprinnelege heimlandet hans.

For Nobu er fødd i Yokohama, på austkysten, der òg skjelvet no har gått. Heilt uvanleg med jordskjelv i dette området var det ikkje då han var liten heller. Så dei hadde øvingar på skulen om korleis dei skulle oppføra seg om noko slikt skulle skje. Men jordskjelv i den storleiken ein no har opplevd er sjølvsagt noko heilt anna.

Nobukazu Imazu si slekt i Japan bur ikkje i dei mest utsette områda. Mora bur i Kobe, men han har òg slekt litt lenger nord, i Aomori. Men sjølvsagt opplever han det heilt forferdeleg å sjå det som no skjer med landet.

– Dei første dagane var eg nærast i sjokk og orka lite å snakka om det. Spesielt fredagen var det tøft å koma igjennom det tette dagsprogrammet eg då hadde. Sist søndag var eg framleis sett ut, og eg orka ikkje å gå i kyrkja. Men no går det betre, seier Nobu, som sjølvsagt kontinuerleg er med landet sitt i både tankar og bøn.

legale steroide