Nobelkomiteen, med fleire kjende ansikt frå Fitjar, gjekk til topps i romjulscupen til Stord IL på Vikahaugane i ettermiddag.

Som vanleg var Fitjar representert på fleire lag med fantasifulle namn under den tradisjonsrike romjulscupen i fotball på Stord. Best av laga «våre» denne gongen blei Nobelkomiteen, som gjekk heilt til topps i klassen for gutar 1994/95. På dette laget kjende me att Henrik R. Kjelling, Jøran Aleksandersen, som no spelar handball på Notodden, og noregsmeister for Sportsklubben Brann, Øyvind Fykse Lie. Med seg på vinnarlaget hadde dei Bremnes-spelaren Espen Nordvang Nesse og dei to Haugar-spelarane Bjørnar Madsen og Torstein Sætre.

Rett nok såg ikkje Nobelkomiteen ut som noko vinnarlag heilt frå starten av puljespelet. Men jamn stigning utover i turneringa gav ein fortent siger i finalen til slutt. Opningskampen mot Black Ops Elite starta med eit litt lettkjøpt mål imot, og dei klarte aldri å utlikna i den jamne kampen, og måtte sjå seg slegne 0-1. Heller ikkje i den andre kampen såg me den store flyten; den jamne kampen mot Joga Bonito Indoor enda 0-0. Scorfingsformen fann dei først i den tredje puljekampen, då dei sopte Leeds United av banen med 3-0. Fullt fortent.

Fullt fortente var og resultata i kvartfinalen og semifinalen: 3-0 mot FC Jagstar og 4-1 mot Leeds United. Dermed bar det mot revansjeoppgjer mot Black Ops Elite i finalen. Etter fem minutt såg det ut til å gå mot nytt nederlag, då ballen låg i buret bak Nobel-keeper Aleksandersen. Men til alt hell annullerte dommar Kjell Pedersen scoringa. Truleg heilt feil. Likevel var nok ikkje sigeren heilt ufortent. Nobelkomiteen hadde dei fleste og beste sjansane i den fartsfylte finalen. Som blei avgjort med scoringa til Øyvind Fykse Lie, slik at sluttresultatet blei 1-0 til Nobelkomiteen.