Smittevernlege i Fitjar kommune, Odd Jarl Kvamme, sat tidlegare av 20 prosent av vaksinedosane i kommunen til personer som korkje er helsepersonell eller i risikogrupper. Foto: Cassandra G. Jespersen/Ingrid Hovstad/Stord24

Fitjar kommune sette tidlegare av 20 prosent av vaksinedosane til det smittevernlegen omtala som kritisk personell. No er desse gruppene ferdigvaksinerte.

Ved utgangen av førre veke har totalt 603 personar fått første dose av koronavaksine i Fitjar kommune. 174 personar har fått to dosar.

Det melder Fitjar kommune på nettstaden sin.

Denne veka vart 102 nye personar kalla inn til 1. dose av vaksinen frå Pfizer/BioNTech.

Ifølgje helse- og sosialsjef Anne Økland er det no personar på 69 år og yngre, i tillegg til prioriterte grupper i høve til risiko som får vaksine.

Gav vaksiner i strid med FHI-reglar

Fitjarposten har tidlegare skrive om vaksineprioriteringane i Fitjar kommune, etter at det i mars vart kjend at personar som ikkje tilhøyrde risikogrupper hadde fått vaksine. Dette gjaldt då Økland sjølv, rådmannen, teknisk personell og tilsette i brann- og redningsetat.

Bakgrunnen var at prioritert helsepersonell, som etter retningslinjene til FHI kan få inntil 20 prosent av vaksineleveransene, var ferdigvaksinerte.

Smittevernlege i Fitjar kommune, Odd Jarl Kvamme, uttala til Fitjarposten at han val å halde fram med å setje av 20 prosent av vaksinedosane til det han definerer som kritisk personell, som nemnt over.

At desse vaksinene har blitt gjeve i strid med retningslinjene til Folkehelseinstituttet, vart først stadfesta av seksjonsleiar Are Stuwitz Berg i FHI, og seinare av overlege Preben Aavitsland i FHI.

Sistnemnte uttala at kommunane har adgang til å vaksinere brannfolk ved behov, men var tydeleg på at øvrig personell ikkje skal få tilbod om vaksine så framt ein ikkje er i mål med risikogruppene.

På høgd med andre kommunar

Helse- og sosialsjefen i Fitjar kommune meiner at kommunen heile vegen har prioritert etter FHI sine retningslinjer.

– Me har følgt FHI sine prioriterte grupper. Me er komen like langt i vaksineringa som omkringliggjande kommunar, seier ho.

– Korleis kan du seie at de har følgt FHI sine retningslinjer når FHI sjølv har uttala at kommunen har brote desse?

– Eg viser til smittevernlegen for uttale knytt til dei faglege vurderingane som er gjort i denne saka.

Har kome i mål

Smittevernlege Odd Jarl Kvamme seier til Fitjarposten at kommunen for lengst er ferdig med vaksinering av det han har omtala som kritisk personell, det vil seie utvalde tilsette innan mellom anna brann- og redning, teknisk IT-personell i kommunen, samt frivillige som koordinerar vaksineringa i praksis.

– Me låg føre skjema og vart ferdig med alle gruppene i slutten av mars. Det var ikkje så mange som eg trudde det var. Me skifta då over til det vanlege, nasjonale systemet, der me har vaksinert aldersgruppene fortløpande og så har me teke risikogruppene.

Fitjar kommune har med dette gjeve 100 prosent av vaksinedosane sine i tråd med FHI sine retningslinjer dei siste tre vekene.

Flest dosar til dei eldste

Kvamme opplysar at risikogruppene i seg sjølv er delt i to.

– Me prioriterar høgrisikogruppene først. Dei som har underliggjande sjukdom, altså dei med litt mindre risiko, tek me etterpå. Det er fastlegane i Fitjar som har gått gjennom journalsystema sine og som har laga lister til oss.

Kvamme fortel at aldersgruppene får kring 60 prosent av dosane, medan risikogruppene vert tildelt dei resterande 40.

– Dette er fordi aldersgruppene er mykje større, forklarar smittevernlegen.

– Eg synest me har fått ein veldig god organisering av vaksinasjonsprosessen, seier smittevernlege i Fitjar kommune, Odd Jarl Kvamme. Arkivfoto: privat

Godt nøgd med prosessen

Kvamme fortel at talet på vaksinedosar som kommunen får tildelt, aukar jamt og trutt. Det betyr at kommunen gjerne må over til to vaksinasjonsdagar i veka. Smittevernlegen er godt nøgd med vaksinasjonsprosessen i kommunen.

– Det som er veldig bra å oppleve med vaksineprogrammet i Fitjar, er for det første at me har fått ein stab av vaksinatørar som jobbar veldig bra. Me har frivillige pensjonistar som tidlegare har jobba i helsevesenet som har meldt seg til å stå på vaksinasjonsprogrammet.

Det andre Kvamme trekkjer fram er dei frivillige som stiller opp som vaktar under vaksineringa og som organiserar folk inn og ut.

– Dei passar også på dei vaksinerte når dei sit til observasjon og gjer ein framragande innsats, skryt smittevernlegen.

– Det glir veldig bra no og eg synest me har fått ein veldig god organisering av vaksinasjonsprosessen.