Slik lydde songen  på Øvrebygda bedehus sist søndag. Mellom 40 og 50 små og store hadde takka ja til ein god adventsfrukost.

Heimelaga rundstykke med diverse pålegg fall i smak hos alle.

Minstemann rundt bordet var berre  to veker. Han kosa seg med det som mamma hadde å by på. Borna deltok med ljostenning og song.

Terje fanga alle sin oppmerksomhet då han fortalde frå Bibelen om Maria og Elisabeth. Det var god allsong ved hjelp av Harald som spela piano.

Komande laurdag inviterer Tysdagsklubben born og foreldre til juleverkstad på bedehuset.