I følgje Sissel Jørgensen er det no for seint å kome med fleire byggverk til peparkakebygda.

Neste laurdag vert det kunngjort kven som får premie. Som nemnt ved eit tidlegare høve har juryen med seg ein arkitekt. Det blir nok ikkje så lett å kåre dei tre beste byggverka. Mange er imponerte over det som har kome på plass. Mia på seks år stod saman med mamma Kristin Nesbø Hovland og prata om dei ulike husa i ettermiddag. Dei to bur i Stavanger, men er på førjulsbesøk til familie på Fitjar. Mamma peika blant anna på kakemodell av Rimbareid skule der ho sjølv har vore elev, og Mia kjende visst att Varehuset Larsen. Alle byggherrane, både borna og medhjelparane deira, kan sjå fram til komande laurdag. I mellomtida er det høve til å besøkje kakebygda.