«Hei, ser di er i full gang ved tidligere omtalt bro ved Øvrebygda skule, der sku Fitjarposten tatt ein tur å sett», kunne me lesa på e-posten vår tidlegare i dag. Fitjarposten tok turen.

På nedsida av av brua som Fitjarposten har skrive om tidlegare er Paul Vik på plass med gravemaskin på oppdrag frå Risa AS.

– Det er litt arbeid i grunnen først. Men så skal me fylla på og byggje opp slik at det vert fortau med autovern her òg, smiler han, og trivst tydelegvis med utearbeid i det fine haustvêret.

Ordførar Wenche Tislevoll seier i en kommentar at ho sjølvsagt gler seg over at det no skjer noko. – Men dette er heilt nødvendig vedlikehald, og det skulle ikkje vere slik at ein må lage mykje støy før det vert gjort noko med ei slik sak, seier ho. 

Med støy tenkjer ho nok på at det er fleire månader sidan vegvesenet fekk vite om situasjonen på dette trafikkpunktet. Sidan har Fitjar kommunestyre sendt brev til fylket om saka, og fitjarposten og andre media følgde opp med å skrive om saka like etter sist kommunestyremøte. Kva me skreiv då kan du lese her.