Dei tre vekene fram til 10. august blir travle.

Komande veke kjem dei første kunstnarane, mange av dei er utanlandske, som skal vere med på kunstfestivalen i august. Dei har fått i oppdrag å lage eit stad-spesifikt arbeid på kvar sin holme eller øy. Kunstverka skal ha utgangspunkt i landskapet og kvar kunstnar skal lage eit verk som berre vil fungere på akkurat den staden. Utstillarane har vore på Fitjar på førehand og er imponerte over landskapet der dei skal setje opp kunstverka sine. Dei har blitt oppfordra til å bruke lokalt materiale, og mesteparten av dette er bestilt og på plass. Kunstverka skal berre sjåast frå sjøen, og det er god plan for skyss rundt i Fitjar-øyane. Arrangementet er gratis. Elles vil me berre minne om fyldig informasjon som vart lagt i alle sine postkasser på fredag. Den må lesast!

Det er som kjent ei fitjarjente, Silje Linge Haaland, som er initiativtakar og prosjektleiar saman med Andrea Bakketun frå Trondheim. Desse to har mange medhjelparar, og dei set stor pris på openheten og interessa i Fitjar-bygda. Bygdefolket er nysgjerrige på prosjektet, seier Silje, og nyttar høvet til å minne om ledige arbeidsoppdrag. Dei som kan hjelpe til med båtskyss, vakthald eller husrom kan vende seg til Lene Tufteland.

I dag laga prosjektgruppa ein kunst-arena på parkeringsplassen i sentrum. Born i alle aldrar fekk prøve seg med fargeblyant og pensel. Nesten sjølvsagt var det sjøfargar som prega det største kunstverket. Overraskinga denne føremiddagen var tilbod om å smake øya-kake. Tolv store platekaker var bygde saman og forma som øylandskap med sjøfarga, søt smørkrem på toppen. Sjølvsagt fekk dei vaksne kaffi , og det såg ut som folk kosa seg denne dagen.