Foto: SIM

Etter å ha vore stengt i fleire veker grunna smittesituasjonen, har SIM no avgjort å opne opp miljøsentralane i distriktet.

Dette vil vere gjeldande frå og med måndag 6. april, opplyser SIM i ei melding.

Dermed vil alle dei som har nytta veker i karantene og permisjon til oppussing, endeleg få kvitte seg med avfall frå hus og hage.

Likevel oppmodar SIM publikum om å begrense pågangen.

– SIM ber alle kundar som ikkje må ta turen til miljøsentralen, om å vente. Sjølv om ein no opnar miljøsentralane, vil råd om å hindre spreiing av smitte framleis vera gjeldande, skriv selskapet.

Vidare opplyser SIM om følgjande retningslinjer ved kasting av avfall:

• Godt brukande er stengt inntil vidare
• Kundar og tilsette skal halde god avstand i tråd med FHI sine retningslinjer
• Kundane må vera budde på at det kan bli endra køyremønster • Det kan bli lange køar og venting
• Berre kundar som MÅ levere avfall, vert oppmoda til å kome. Dei andre vert oppmoda om å vente med rydding.
• Kundane vert bedt om å sortere godt på førehand, slik at opphaldet vert kortast mogeleg
• Berre dei som treng å vera med for å kaste avfallet, skal vera med til miljøsentralen
• Me tek ikkje imot kontantar
• Ein vert oppmoda om å betale med VIPPS. Alternativt kan ein nytte kort med kontaktlaus betaling (tappe kortet)
• Det vert ikkje skrive ut kvittering.