Ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Pressemelding: Kriseleiinga i Fitjar, med rådmannen som leiar, arbeider no kontinuerlig for å stansa spreiing av koronasmitte i kommunen. 

Dei nasjonale styresmaktene ser svært alvorleg på situasjonen, og har no sett i verk kraftige tiltak i medhald av lova om smittevern. Dei tiltaka som regjeringa har innført gjeld for alle kommunane i landet. Kommunane har høve til å innføra enno strengare reglar lokalt, dersom det skulle vera behov for det.  Så langt held Fitjar kommune seg til dei nasjonale tiltaka.

Kommunen vil be om at alle innbyggjarar, organisasjonar og næringslivet vert med på den nasjonale dugnaden som er sett i verk.  Målet er å spara liv ved at utsette grupper ikkje skal verta ramma av sjukdommen, samt å unngå store negative konsekvensar for viktige samfunnsfunksjonar. 

I den situasjonen me er i, vil det vera ein omfattande flaum av informasjon om saka. Kommunen vil rå folk til å ta til seg det som vert gjort kjent på:

  • TV og radio
  • Offentleg informasjon som vert lagt ut på www.helsenorge.no
  • Lokal informasjon som kommunen legg ut på www.fitjar.kommune.no, infoskjermar, plakatar og i lokale media

Kommunen vil leggja ut oppdatert informasjon alt i kveld, og elles så snart det er noko nytt å melda. 

Me vil minna på at naudnummer berre skal brukast av personar som er akutt sjuke. Ring fastlegen din hvis du trur at du er sjuk.