No er ikkje dette lov før i september. Foto: Kjetil Rydland.

I Noreg er det eit generelt bålforbod fra 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenna opp bål og grill – også eingongsgrill – i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Forbodet som inntrer i dag, gjeld all utmark, skog, lyng gras, snaufjell, holmar og strandområde. Enkelte stader kan du likevel tenna opp bål så lenge du bruker hovudet, heiter det i ei pressemelding frå Norsk Friluftsliv.

– Bålreglane opnar for bruk av skjønn. Du kan tenna opp bål i tilfelle der det er openbert at det ikkje kan medføra brannfare. Det kan for eksempel vera der det framleis er mykje snø, etter mykje nedbør, eller på sand, i god avstand fra vegetasjon, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Mange stader i Sør-Noreg er det allereie svært tørt etter ein snøfattig vinter, og derfor er det allereie no stor fare for at det lett kan oppstå brann. Hos oss er det ikkje særleg tørt enno, men det er meldt godvêr til helga, og det tar ikkje lang tid før det tørkar på denne årstida.

Norsk Friluftsliv rår oss til å følgja med på informasjon kommunen og lokalt brannvesen, i tilfelle det blir innført totalforbod mot å gjera opp eld utendørs.

– På grunn av koronakrisa, og den spesielle tida vi er inne i, anbefaler vi sterkt å følgja råd og pålegg når det gjeld bål, eingongsgrillar og eld utandørs. Ein skogbrann er svært krevjande, og er ikkje ei ekstrabelastning som brann- og redningstenester treng no, seier generalsekretæren i Norsk Friluftsliv, fellesorganisasjonen for 17 friluftsorganisasjonar.

Meir om kva du gjera ved skogbrann, og kva du må vita før du gjer opp eld, finn du på nettstaden sikkerhverdag.no.

Johan Nilsen sjekkar at sløkkeutstyret fungerer, sjølv om faren for lyngbrann ikkje er akutt i dag. Foto: Kjetil Rydland.