Ordførar Harald Rydland meiner at det både er farleg og heilt uhaldbart at det ikkje er gjort noko med ferjeopplegget på Sandvikvåg, og takkar høgare makter for at det ikkje har skjedd ulykker på ferjelemmen. Les bloggen hans nedanfor.

Er det eit månelandingsprosjekt som må til i Sandvikvåg?

Eg reknar meg sjølv for å vera ein sindig mann som sjeldan hissar meg opp i utrengsmål. Likevel byggjer det seg opp inni meg dei gongene eg tek ferja frå Halhjem til Sandvikvåg og veit at eg skal gå i land.

Heilt sidan Fjord1 i januar 2007 tok til å driva sambandet har det vorte etterlyst sikrare forhold for passasjerar som skal gå i land frå ferja. Då ferjeleiet vart planlagt må det ha skjedd ein stor glipp. Slik det er lagt opp kjem alle gåande på land på den sida der dei ikkje har nokon ting å gjera. Så godt som alle må kryssa ferjelemmen etter at dei har gått i land, for å komma vidare til ventande bilar, bussar eller taxi.

Oftast når eg reiser med kystbussen til møte i Bergen får eg vera med på dette stunt-showet på heimvegen. Eg ber alltid mannskapet sleppa oss mjuke trafikkantar fram før bilane skal av ferja. Mannskapet er som regel positive, men likevel vert ikkje dette heilt ufarleg. Dei første bilane får gjerne køyra av ferja før matrosen og oss gåande skal forsera ferjelemmen, sjanglande mellom hissige trailarar og andre bilar som står klar i rein ”Petter Solberg-stil ” for å komma seg vidare. Eg takkar høgare makter for at det til denne tid ikkje har skjedd ulukker på ferjelemmen.

No må det takast affære for å få retta opp i denne fadesen. Lensmannen i Fitjar, ordføraren, vegvesenet, brukarane av ferja og Fjord1 sjølv, har ved fleire høve teke opp problemet og sagt at det må gjerast noko med det. Dei som eg meiner har ansvaret, er vegvesenet og Fjord1. Difor forventar eg at dei startar arbeidet omgåande. Over fire år etter at problemet vart avdekka, kan ikkje partane få meir tid til å berre tenkja og vilja. No må dei gjera noko med det.

Når statsministeren meiner nasjonen Noreg er i stand til å løysa noko som kan minna om eit månelandingsprosjekt på Mongstad, må det vera overkommeleg å justera litt på ferja og ferjelemmen i Sandvikvåg.

Så langt Rydland.

Og me vil leggja til: Når me var ute og tok bilete til saka i føremiddag, stod det ei gruppe tålmodige passasjerar som skulle kryssa vegen etter at bilane hadde køyrt ut av ferja og venta. Og så opplever me at matrosen vinkar klart til bilane som skal INN på ferja før folk har fått kome seg over. Slikt går berre ikkje an!

Bloggen til Harald Rydland finn du her.