Opnar for at ein søkja heimanfrå heile døgnet.

Det er Fitjar kommune som opplyser på sine nettsider om at ein kan søkja sosialhjelp digitalt i Fitjar kommune.

-Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.

Ein loggar seg enkelt inn på «Ditt NAV» med hjelp av BankID eller andre tryggleiksløysingar som Buypass eller Comfides.

– Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringja NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Du kan også få hjelp på NAV-kontoret i opningstida. Viss du av ulike årsakar ikkje kan, eller ynskjer å, nytta den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du fortsatt møta opp på NAV-kontoret eller bruke papirsøknad.

NAV-kontoret på Fitjar er ope måndag, onsdag og fredag frå kl.12.00 til 14.00, eller ved timeavtale utanom opningstida.