Med E-lån Hordaland treng du ikkje lenger kjede deg på venterommet eller på bussen. 
No kan du låne på biblioteket, akkurat når det passar deg.

 E-lån Hordaland er eit nytt tilbod i dei fylkeskommunale vidaregåande skulane og i folkebiblioteka utanom Bergen. Over fire hundre titlar er klare til utlån. Førebels er det mest romanar, men også 
ungdomsbøker og fagbøker.

Tilbodet vil snart bli utvida med lydbøker. Fylkeskommunen samarbeider med Vestnorsk filmsenter for at det også skal bli mogleg å låne kunstnarlege kortfilmar som er 
produsert på Vestlandet.

Neste gong du skal på ferie, kan du ta med deg mange gode e-bøker på norsk utan tung koffert. Du kan laste ned e-bøkene til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobiltelefonen.

Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake når lånetida på tre veker 
er over. 

Det einaste du treng er lånekort.

Du finn E-lån Hordaland på nettstaden til ditt lokale bibliotek. Der får du også hjelp til å kome i gong.

Hordaland fylkeskommune står bak tilbodet, og den tekniske løysinga er levert av Biblioteksentralen.