Mediehuset Stord24/Fitjarposten styrker laget, og består no av følgjande: Kjetil Rydland (journalist), Cassandra G. Jespersen (journalist), Jonas Sætre (redaktør og journalist), Mariell Hervik (marknadsansvarleg), Adrian Olsen (marknad og abonnement) og Ingrid Hovstad (journalist).

Mediehuset Stord24/Fitjarposten er i vekst. No får alle Fitjarposten-abonnentar tilgang til Stord24 med på kjøpet.

Som ein takk for at du abonnerer på Fitjarposten, ønskjer me no å gi lesarane våre endå betre valuta for pengane.

Sidan Fitjarposten og Stord24 er å rekne som to søsteraviser, så har me no gitt tilgang til Stord24 for alle som abonnerer på Fitjarposten. Utan at du treng å betale noko ekstra for dette.

– Det er veldig kjekt å sjå den gode responsen me har fått frå lesarane våre både på Stord og i Fitjar. Me er svært takksame for alle som har teikna abonnement, seier redaktør for dei to avisene, Jonas Sætre.

– Dette gjer at me no har auka staben, og har tilsett fleire nye medarbeidarar dei siste vekene. Sidan Stord24 og Fitjarposten har eit tett samarbeid, er det difor naturleg for oss å gi lesarane på Fitjar også tilgang til søsteravisa i sør.

For å aktivivere Stord24-abonnementet ditt, må du for første gong klikke på «gløymt passord». Det gjer du her. Du loggar inn på Stord24 med same brukarnamn som på Fitjarposten. Når du kriv inn epostadressa di i feltet, vil du få ein epost der du kan velje passordet ditt for å logge inn på Stord24.

Er du ikkje abonnent på Fitjarposten, men ønskjer å bli det, og dermed få tilgang til Stord24 på kjøpet? Då vil det ta nokre dagar før gratisabonnentet ditt på Stord24 blir aktivitert, fordi me er nødt å manuelt legge alle FP-abonnentar over i Stord24 sin database. Me vil sende deg ein epost når dette er klart.

Klikk her for å bli Fitjarposten-abonnent i dag!