Dei fleste av oss har periodevis vore utan straum i helga. Lengst måtte dei vente i Osternes, Landa og Årskog industriområde, men no skal dei ikkje lenger vere avhengig av talgaljos. Illustrasjonsfoto: Håkon C. Hartvedt

Det var rundt halv seks-tida i kveld at bebuarane i desse områda kunne gle seg over at dei igjen kunne ta i bruk elektrisiteten som dei hadde vore utan sidan kl 14.10 i går.

Driftsingeniør Hans Christian Helland ved Fitjar Kraftlag opplyser til Fitjarposten at årsaka til straumbrota har vore svært mange trefall mot linjer.

-Både hovudforsyninga og reserveforsyninga vår datt ut. Begge desse får me frå SKL, og på grunn av svært mange trefall sør på øya òg, tok det diverre tid før me kunne få straumen på plass att i alle kretsar, seier han.