Det har vore litt plunder med å få lagt ut ting på kalenderen. No har me gjort det så enkelt som mogeleg.

Me prøver no ein periode med at folk kan leggje hendingar inn utan å registrere seg.

Det vil seie at no treng du berre å trykke på kalenderbiletet nede på sida, og så får du opp eit skjema der det står: Velkomen, og under det ei grå rute med:

Legg til i kalenderen.

Då er det berre å trykkje på den og leggje inn hendinga di.  Til slutt  trykkjer du på den grå ruta legg til, og så er hendinga di på nett.

Så står det at du må logge inn for å endre på kalenderen. Det er berre noko me kan gjere, så ønskjer du å endre noko, må du ta kontakt med oss.