Fitjar kommune melder den glade nyheita i i ei pressemelding.

Fitjar kommune er no Miljøfyrtårnsertifisert etter hovudkontormodellen. Fitjar folkebibliotek er også blitt miljøfyrtårnsertifisert. Kommunestyret vedtok i slutten av 2018 igangsetting av arbeidet.

Teknisk sjef, Randi Karin Habbestad har hatt ansvar for arbeidet med å få Fitjar kommune og Fitjar folkebibliotek miljøfyrtårnsertifisert, og fortel at alle avdelingar i Fitjar kommune skal dei neste åra bli miljøfyrtårnsertifisert.

– Snart vil kommunen få tildelt miljøfyrtårn-diplom, som eit synleg bevis, fortel den engasjerte tekniske sjefen.

Ho fortel at som miljøfyrtårn tek Fitjar kommune eit aktivt miljøansvar og bidreg  til grøn omstilling.

– Dette er ein viktig milepæl i miljøsatsinga til Fitjar kommune, i tråd med ny samfunnsdel i kommuneplanen og  den grøne kommunen. Du vil kjenne det igjen i tema som:

  • Energibruk
  • Transport og mobilitet
  • Avfallshandtering
  • Kommunale innkjøp
  • Mat og redusert matsvinn
  • Helse- miljø og tryggleik

Vil du vite meir om sertifiseringsordninga kan du lese her: Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no)