Foto: Kjetil Rydland.

I årets andre kvartal vart det fire færre innbyggjarar i Fitjar, og kommunen er dermed på nytt definert som ein småkommune.

Fitjar har lenge vaka rundt den magiske grensa på 3200 innbyggjarar, som er grensa på å vere definert som ein småkommune. Småkommunar får meir i statlege overføringar enn dei over 3200 innbyggjarar.

Per 1. juli var innbyggjartalet i Fitjar på 3196, ein nedgang på fire fitjarbuarar samanlikna med årets første kvartal.

Det blei fødd åtte personar i kommunen i 2. kvartal, og seks personar døydde. 26 flytta inn og 32 flytta ut av Fitjar i same periode.

Folketalet ellers i Sunnhordland har gått både opp og ned det siste kvartalet. Slik var folketalet pr. 1. juli i utvalde kommunar samanlikna med 1. kvartal:

Stord, 18.783 (+68)
Bømlo, 11.983 (+30)
Sveio: 5.757 (+28)
Fitjar, 3.196 (-4)
Tysnes, 2.848 (-4)
Kvinnherad, 13.105 (-33)

Haugesund, 37.397 (+34)
Bergen, 281.978 (+120)

- Annonse -