Det er ingen tvil om at sommaren er over, og i natt markerer me det med å stilla klokka tilbake.

1916 var det første året med sommartid i Noreg, føremålet med sommartid har vore å oppnå ei betre utnytting av dei lyse timane i døgeret. Med sommartid blir kveldane lysare.

Her i landet har me hatt sommartid kvart år sidan 1980, etter ein lang pause sidan 1965. Me følgjer sommartida i EU, det vil seia at siste helga i mars blir klokka stilt ein time fram, og siste helga i oktober stiller me klokka ein time tilbake.

For å hugsa kva veg du skal stilla klokka, kan du tenkja at klokka skal alltid stillast mot sommaren. Om våren stiller du altså klokka ein time fram. I natt klokka tre, stiller du klokka ein time tilbake, også det mot sommaren.

No har vel dei fleste ein smarttelefon eller andre smarte dupedittar som hugsar dette sjølv. Slik at dei fleste vaknar opp til ei klokke eller eit anna apparat som viser rett tid i morgon tidleg.

Då me hadde sommartid tidleg på 1960-talet, var bøndene blant dei mest kritiske. Mange hevda at det var uheldig å endra døgnrytmen til dyra to gonger i året, bl.a. med mjølketider og foringstider.

Eit av dei meir kuriøse argumenta mot bøndene stod i eit lesarbrev i ei avis. Bøndene burde vera fornøgde, blei det hevda: – Dyra får jo ein time ekstra til å beita om ettermiddagen!