Søppel frå havet stilt ut på Norsk Maritimt Museum. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK

For å få bukt med forsøpling av havet må alle som mistar fiskereiskap som ruser og teiner, no rapportere dette.

AV: NPK-NTB

Tidlegare har det vore frivillig å melde inn tapte fiskereiskap, men i den nye handlingsplanen frå regjeringa mo marin forsøpling vert det pliktig rapportering. Eit anna tiltak i handlingsplanen er at ruser og teiner må merkast med namn, skriv Klassekampen.

– Plastforsøpling og spøkelsesgarn er eit omfattande problem. No strammar vi inn tiltaka, seier fiskeri- og kystminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Kravet om merking gjeld både yrkes- og fritidsfiskarar. Kvar det økonomiske ansvaret skal plasserast, er ikkje klart.

– Ein metode kan vere å la forureinar betale. Vi vurderer òg om produsentane av fiskereiskap må bli pliktig å lage retur- og gjenbruksordningar, seier fiskeriministeren.

Samtidig skal det greiast ut måtar å merke garn og liner på. Der blir det foreslått elektroniske ID-brikker, like dei ein merker husdyr med.

Andre punkt i handlingsplanen er å fjerna forlatne blåskjelanlegg, betre ordninga knyta til mottak, handtering og behandling av gamle fiskereiskapar, og utvikling av alternative materialar, nedbrytbare komponentar og reiskapsdesign til bruk i fiskeriene.