Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Bryt du koronareglane, vil det svi på pungen. Oslo politidistrikt fordoblar no bøtesatsane for fleire regelbrot.

Viss du eksempelvis arrangerer fest og bryt forbodet mot å ha fleire enn ti gjester, må du frå no av ut med 20.000 kroner viss politiet bankar på døra. Det er dobbelt så mykje som den gamle bøtesatsen.

Viss du «berre» er gjest på ein slik privat samankomst, må du rekne med ei bot på 10.000 kroner, varslar Oslo politidistrikt.

– Understrekar alvoret

Det same gjeld i utgangspunktet òg slike samankomstar der lokalet ikkje er dimensjonert til at alle deltakarar kan halde minst 1 meters avstand.

– Denne auken av bøtesatsane understrekar alvoret i å bryte koronareglane. Alle har eit ansvar for å ta vare på smittevernet, seier leiar Beate Brinch Sand for felles eining for påtale i politidistriktet.

Det er Riksadvokatens oppdaterte direktiv for straffesaksbehandlinga under koronapandemien som «gir rettleiing» til nye bøtesatsar for koronarelaterte lovbrot etter smittevernlova.

Ny bot for testnekt

I tillegg blir det innført bøter på 20.000 kroner for dei som nektar å la seg teste for covid-19 når dei kjem til Noreg. Dette har ikkje Oslo politidistrikt regulert ved eigen bøtesats før, men denne er no innteken.

Forbodet mot skjenking av alkohol kan medføre ei bot på 50.000 kroner. Her har minstesatsen auka frå 10.000 til 20.000 kroner.

Brot på plikt til å stengje offentlege stader og verksemder der det føregår kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar innandørs, har auka frå 20.000 til 50.000 kroner.