I Fitjarposten sin fotokonkurranse er postkorta no klare. I staden for å kåra eitt bilete som vinnar valde juryen å dela prisen på tre.

To av bileta er tekne av Svein Bårdsen. Han får då 1000 kr i premie. Det tredje vinnarbiletet er teke av Bjørg Strømme, som kan venta seg kr 500 inn på kontoen sin. Alle tre korta vil bli trykt i eit panorama-format (20 x 10 cm) med vinnaren sin fotobyline på baksida.

Per Egil Larsen, Jorunn Hernes, Bente Bjelland og Håkon C. Hartvedt har site i juryen. 

Når det gjeld konkurransen i Fitjar Sommarguide 2013, vil resultata bli presentert i sjølve guiden. Men me kan røpa at me har valt å bruka utsnitt av det eine biletet til Svein Bårdsen som 1.-side-bilete.