Herman Inge Aadland vil forretta. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Sunnhordlandsaksjonen for misjon (NMS) 2020 vert markert i Fitjar kyrkje søndag 12. januar ved gudstenesta, skriv Gunnvald Bjotveit i ei pressemelding.

Bjotveit er leiar i områdeutvalet i Sunnhordland område av Det Norske Misjonsselskap. Under gudstenesta i Fitjar kyrkje vil Herman Inge Aadland forretta; han er leiar i styret for Bjørgvin krets av NMS.

Sunnhordlandsaksjonen for misjon 2019 er i rute og startar opp 12. januar og har siste møtet 15. mars. Det vert 24 møte i bedehus og nokre kyrkjer. For det meste er det lokale krefter som er både talarar og møteleiarar. Slik tek frivillige medarbeidarar eit flott ansvar når det minkar med løna arbeidarar i misjonen.

Sunnhordlandsaksjonen blir opplevd som eit fint prosjekt: Vi får samlast om Guds ord, vi får god informasjon frå misjonsoppgåver som vekslar frå år til år, og vi får høve til å gje til misjonen i ei tid der det kjem inn mindre pengar etter julehelga.

Misjonsarbeid i Japan er årets prosjekt

Gjennom denne aksjonen får vi høve til å gje til eit konkret prosjekt. I år er det «Misjonsarbeid i Japan» som skal få støtta.

NMS starta arbeid i Japan i 1951 etter at misjonærane i Kina måtte forlata landet på grunn av motstanden frå kommunismen. Det er ei krevjande misjonsmark i eit sekulært folk som byggjer mykje av tilværet sitt på økonomi og teknikk. Samtidig står buddhismen og Shintōismen framleis sterkt. Shintō (神道) står sterkast mellom unge og familiar medan buddhismen mest mellom dei eldre med si tru på sjelevandring. 95 % er shintoistar og 72 % buddhistar. Når prosenten vert over 100, så er det fordi mange dyrkar båe religionane.

NMS ynskte tidleg å få til ei sjølvstendig kyrkje i Japan. I 1961 vart Kinki-kyrkja eige kyrkjesamfunn. Og frå 80-talet vart denne kyrkja ei sjølvstendig kyrkje. Kyrkjelydane til NMS, NLM og Frikyrkja er med her i lag med andre etablerte kyrkjer.

Kinki-kyrkja har i dag 28 kyrkjelydar og 2733 medlemmer, der mange er eldre. Utfordringa er å få med unge. For tida arbeider 20 prestar der åtte er pensjonistar. NMS støttar Kobe lutherske teologiske seminar som utdannar nye prestar. Arbeidet i Japan vert omtala som «stongfiske». Det er ein og ein som kjem til tru.

Kva gjer NMS i Japan?

Det kan samlast i tre område: a) Deler trua på Jesus. b) Bekjempar urettferda. c) Utryddar fattigdom. Konkret kjem dette til uttrykk ved arbeid mellom studentar, leirarbeid for born og unge, diakonalt arbeid og fokus på miljø og alternative energikjelder og byggjande kyrkjelydsarbeid der gudstenesta er sentral som utgangspunkt for evangeliserande arbeid. Kinki-kyrkja ynskjer å vera utadvendt.

Konkret skjer dette ved evangelisering og kyrkjelydsbyggjande arbeid, diakonalt arbeid og godt samarbeid med andre kyrkjesamfunn. NMS har samarbeid med misjonærar frå fire afrikanske land og sju andre organisasjonar.

Mange har framleis eit hjarta for misjon og hjelp til forkomne og trengande. No har vi sjansen til å gjera noko med det. Målet er å samla inn kr. 100.000,- til prosjektet i år. Aksjonsmøta vil verta kunngjorde i lokalavisene og ved oppslag. Dei som ikkje har høve til å koma på møta, kan senda gåva til Det Norske Misjonsselskap, Postboks 226 Sentrum, 4001 Stavanger. Bankgiro 8220 02 85057 og merkt med «Misjonsarbeid i Japan».