Ingve André Strand var eitt poeng frå samanlagtsigeren i crosskart-NM førre helg, men han fekk med seg ein NM-tittel likevel.

Den siste NM-runden gjaldt nemleg som NMK-meisterskap i crosskart. Dette er ein tittel som blir sett opp i ein av NM-rundane, vinnaren blir norsk meister blant alle deltakarane som er medlemmer i Norsk Motorsport Klubb. Som vinnar av siste NM-runden, på Arena Wallenberg i Orkdal, kan altså Ingve André smykka seg med denne fine tittelen for 2012.

Og akkurat denne runden avgjorde Ingve André på svært så overtydande vis, til stor glede for sonen Anders, for tilretteleggjar Sigurd André Maraas, og for ei handfull supporterar som kom reisande frå Nordmøre og Trondheim.

Men dagen starta langt frå overtydande frå Fitjar-raceren si side. I første kvalifiseringsrunde blei Ingve André ståande att på startstreken, medan samanlagtmeister Simen Vardeberg skaut ut som ein rakett. Ingve gjorde den tabben å ha lågt turtal på motoren akkurat i det starten gjekk, ein svært sjeldan feil av den raskaste av alle førarane crosskartsirkuset.

Etter kvart kjørte han seg opp til ein tredjeplass i første innleiingsomgang, og i dei to neste heata var Ingve fullstendig ustoppeleg. Han leia løpa frå start til mål, og stilte i tredje beste startspor i finalen. Også her tok Ingve starten, og leia heile vegen. Suveren kjøring som imponerte både Fitjar-supporterane og ganske sikkert ein entusiastisk Petter Solberg, som har sonen sin, Oliver Solberg, i 80 ccm-klassen. Dermed gjorde Ingve sin del av jobben for å komma seg heilt til topps i samandraget i NM, og han var så nær samanlagtsigeren som det går an å komma.

Harald Engerud, som leia før siste NM-runden, enda sist i finalen, og dermed var han ute av dansen i samandraget. Også Simen Vardeberg levde svært så farleg, for han kom på 4.-plass, bak Ludvik S. Einarsen og Øyvind Svindal. Hadde ein mann til snike seg inn mellom Ingve og Simen Vardeberg, hadde samanlagtpokalen blitt med over Valdresflya og heim til Fitjar. Og denne mannen kunne lett ha blitt Aleksander Wiik, som på slutten gjorde eit alvorleg forsøk på å komma seg forbi Simen Vardeberg. Om han hadde han lukkast, ville Ingve André blitt noregsmeister.

Nærmare går det ikkje an å komma; men Ingve klarte altså ikkje å dra i land NM-sigeren samanlagt denne gongen heller, etter både ein andre- og ein tredjeplass tidlegare år. Førsteplassen har gått på omgang blant dei beste i klassen, medan Ingve enno ikkje har nådd heilt opp. I år kan han «takka» ein litt middelmådig innsats i dei første løpa for at han ikkje klarte førsteplassen. Ein femteplass og ein sjetteplass i dei første omgangane øydela mykje.

Men Ingve heng ikkje med nebbet etter den imponerande prestasjonen førre helg. Og no er både han og tilretteleggjar Sigurd André Maraas fast bestemte på å nå heilt til topps til neste år. Crosskarten har fungert godt i heile år, og Ingve har avslutta sesongen i suveren stil. Til neste år gjeld det å opna slik han avslutta i år, og dei ser ingen grunn til at det ikkje skal lukkast.

Både Ingve og tilretteleggjaren hans ønskjer å takka dei velvillige sponsorane sine for støtta i sesongen som no er over. Og håper dei vil vera med og hjelpa Ingve og crosskarten hans fram til topplassen til neste år.