Den utflytta fitjarbuen Bjarne Skumsnes vann 400 meter under NM for veteranar i Drammen.

Bjarne bur i Stavanger og konkurrerer for klubben GTI. Me har i alle år lagt merke til imponerande plasseringar i maratonløp i inn- og utland. Men i år har han satsa meir på kortare løp, og her har han hevda seg endå betre. 

Under NM i friidrett for veteranar i Drammen 27. og 28. august vann Bjarne 400 meter med klar margin – 4 sekund – til nestemann! Både på 800 og 1500 meter møtte Bjarne svært sterk motstand, men klarte bronse i begge løpa. På 200 meter blei det sølvmedalje på tida 29.35. Bjarne fortel til fitjarposten.no at han kom litt dårleg ut, men avanserte under vegs, og klarte nesten å ta igjen vinnaren før målstreken.

Det høyrer med til soga at same helga reiste Magne Skumsnes, tvillingbror til Bjarne, til Stavanger. I fråvær av bror sin nytta han høvet til å vinna Stavanger Halvmaraton i klassen M 50-59.