NM-stjernene i Fitjar skulekorps skein både i Stavanger der dei kom på ein sterk andre plass i 3. dvisjon i NM for brass-skulekorps og i Bø der dei fekk nyta ferien og utfolda seg i sommarland.

NM for brass-skulekorps gjekk av stabelen i Stavanger 23. juni. Fitjar skulekorps stilte i 3. divisjon saman med 12 andre gode korps. Dei unge musikantane frå Fitjar, som er i alderen 10 til 18 år, framførde det spesialskrivne NM-stykket The Bold and the Brave komponert av iren Richard Rock. Korpset hadde ei strålande framføring i lille konsertsal i Bjergsted framfor eit entusiastisk publikum, og kunne etter det pusta letta ut og nytta resten av dagen til å lytta på andre korps, ta ein bytur til Stavanger sentrum, shoppa eller dra på opplevingstur til Vitenfabrikken i Sandnes. Om kvelden var dei spende musikantane og fylgjet deira klar for festkonsert og premieutdeling. Stemninga og spenninga i Stavanger forum var til å ta og føla på. Til overdøyvande jubel frå salen som romma over 1500 publikumarar mottok Tor Håkon Aarbø og Ragnhild Prestbø 2. premien i 3. divisjon på vegne av Fitjar skulekorps. Fitjar fekk 95 poeng av domarane Grethe Westbø Tonheim og Paul Farr. I dommaruttalen var det mange lovord å henta både om enkeltprestasjonar og samspelet i korpset. Sandnes skulekorps som kom på første plass i denne divisjonen fekk 96 poeng og Frøyland på tredje plass fekk 94 poeng. Sist Fitjar skulekorps deltok i NM var i 2011 og då kom korpset på 4. plass med 93 poeng, eit poeng meir enn Sandnes skulekorps som den gong kom på femte plass. Den gode plasseringa vart feira med grilling, snop, konkurransar og leik på Tasta skule der korpset var innkvartert under konkurransen.

Neste morgon gjekk turen vidare til Bø. Her var det innkvartering i campinghytter og på tross av varierande ver koste musikantane seg på hyttene og det store uteområdet på campingplassen. Mandagen var satt av til aktivitetar i Bø sommarland. Både hovudkorpset og juniorkorpset hadde kvar sin vesle konsertavdeling på scenen i parken, elles var det bading, vannsklier, kanopadling, show og andre aktivitetar som stod på plakaten heile dagen. Veret var ikkje ideelt for badeaktivitetar, men hardbarka vestlendingar lot ikkje det stå i vegen for å nytta seg av alle dei kjekke og spennande vannaktivitetane parken hadde å by på.

På campingen var det tid til mange sosiale aktivitetar som heiarop-konkurranse, bading i elva, hoppepute-hopping, slåball, kyllingfotball og vanleg fotball.

Ein kjempekjekk tur med kjekke, greie og strålande blide musikantar, lika kjekke foreldre og turleiarar, ein smilande dirigent og ein engasjert bussjåfør. Me får håpa ungane og har kost seg, var kommentaren til dei nøgde foreldra mot slutten av turen. Ungane såg så visst ut til å kosa seg frå ende til annan, men hadde ulike høgdepunkt. For nokre var det største å få spela på NM-scenen, for andre spenninga under premieutdelinga, for mange var sommarland det som stod høgast i kurs og for nokre jenter var shoppinga turens høgdepunkt.

Før bussen parkerte ved kulturhuset takka leiar i styret i korpset, Ole Christian Ottestad, alle for ein kjekk tur, gratulerte nok ein gong musikantane med den flotte prestasjonen i NM, ynskte dei ein god sommar og minna om at dirigent Svein Roger Koppang ville ha sagt at det er lurt å spela litt i ferien og. 

 

Heile reisefylgjet er klar for heimreise etter ein kjempekjekk korpstur til Stavanger og Bø. 
(Nokre av musikantane og turleiarane hadde av ulike grunnar allereie reist)