Ingve Andrè Strand fekk tredjeplass i den siste NM-runden i crosscart som gjekk i Krabyskogen i går. Med det  endte han som nummer to i NM samanlagt, berre eit fattig poeng bak 1.plassen.

-Årets NM har vore jamnt, og det var kamp heilt til i går om dei fire første plassane i meisterskapen.

Me avsluttar sesongen om 14. dagar i Kristiansand, med siste runde i Nez-cuppen, opplyser Sigurd Andrè Maraas til fitjarposten.no