Ingve André Strand forsikrar at han gler seg til å få ein ny konkurrent. Foto: Kjetil rydlad.

Til helga går andre runde i NM for crosskart av stabelen på Vikedal Motorbane, og Fitjar er representert ved veteranen Ingve André Strand og bilcrossmeister Oliver André Matre.

Søndag er det klart for andre runde i NM for crosskart, og over 60 deltakarar frå heile landet er venta til Vikedal Motorbane 1. pinsedag. Blant desse er veteranen Ingve André Strand, den jamnaste crosskartføraren i landet dei siste 20 åra. Men han blir ikkje åleine om å forsvara Fitjar si ære denne gongen, sjølv om son hans, Anders, har trappa ned i år.

No er vippearmen i orden; det var denne som vippaIngve av pinnen i første NM-runden. Foto: Kjetil Rydland.

Ingve har framleis to crosskartar, og no har han lånt vekk den eine karten til Fitjar-førar Oliver André Matre. Sistnemnde har utmerkt seg som ein entusiast med eit spesielt forhold til VW-bobler. Han har kjempa blant dei beste i bilcross i fleire år, og i fjor blei han den første frå Fitjar Racing Team som vann vestlandsmeisterskapet samanlagt.

I år har Oliver teke steget opp i «verstingklassen» i rallycross, med motor over 2,4 ccm. Førebels har suksessen her late venta på seg, for motoren har ikkje fungert slik han bør, og i tillegg har det vore enkelte andre tekniske vanskar. Men no går altså ned frå den store, tunge Volvoen til ein liten crosskart.

I Vikedal får Oliver brynt seg mot ein annan Vikedal-førar, unge Bjørn Cato Aarekol, som blei nummer sju i den første NM-runden. I tillegg stiller størsteparten av norgeseliten i 650 ccm-klassen på startstreken. Her er det altså duka for eit skikkeleg prestisjeoppgjer med førarar frå Vikedal og Fitjar i fremste rekkje!

Oliver har sett seg inn i ein crosskart for første gong, og høyrer på gode råd for ein norsk meister. Foto: Kjetil Rydland.

Bjørn Cato Aarekol har teke mål av seg til å overta etter Ingve André Strand som den beste crosskartføraren på Vestlandet. Men dette vil nok ikkje veteranen vår sitja i ro og sjå på utan kamp. Og så blir det spennande å sjå om Oliver får like godt grep om crosskarten til Ingve som på bilcrossboblene han har hatt suksess med før.

I dag har Oliver så smått prøveøyrt karten som han skal låna på søndag. På spørsmål om han syntest det var gøy, kjem svaret kontant:

– Du kan trygt sei da!

Oliver A. Matre ser ut til å ha fått bra drag på crosskarten allereie. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -