Ingve André Strand har i dag blitt norsk meister i crosskart etter andreplass i den siste NM-runden.

Det var ein gledesstrålande Ingve André me hadde på tråden frå Krabyskogen ved Gjøvik for vel ein halvtime sidan. Han hadde då nett gått i mål i A-finalen i årets siste NM-løp i crosskart i den største klassen, 650 ccm.

Her blei han nummer to etter Oscar Solberg, og det var godt nok til å stikka av med samanlagtsigeren 2014. Ingve fortel om ein høgdramatisk finale, der to av favorittane kom i klinsj allereie i første sving.

Ludvik Einarsen leia i samandraget før dagens finalerunde, og starta i pole position i dag. Men etter nærkontakt med ein av dei andre favorittane, Jonathan Walfridson, var han ute av dansen. Dermed kunne Ingve stikka av med samanlagtsigeren med andreplassen i dagens løp.

Dette er første gongen Fitjar Racing Team har vunne ein offisiell NM-tittel, og jubelen stod sjølvsagt i taket då me var innom klubblokalet på Rydland minuttar etter finalen.

Etter at han har blitt nummer to med minst mogeleg margin bak gullet dei tre siste åra, blei det altså endeleg Ingve André Strand sin tur i år. Me gratulerer med GULLET, og ønskjer god tur heimover.

Fitjarposten kjem tilbake med ei fyldigare dekning når dei glade gutane er komne heim med den store pokalen.

Ingressbilete: Sølv blei endeleg til gull for Ingve André Strand. Foto: Kjetil Rydland.