Det var stor aktivitet, høgt tempo og mykje glede under turngruppa si tradisjonelle juleoppvising onsdag ettermiddag.

Turngruppa i Fitjar idrettslag fyller 30 år denne hausten og tradisjon tru inviterte dei familie, slekt og vener til juleoppvising.  Gruppa er stor og har stor aktivitet, og litt av det dei ulike gruppene held på med vert vist fram på desse årlege oppvisingane. Det meste følgde ein kjend og trygg mal. Nytt av året var at oppvisinga fann stad i idrettshallen, der det var satt fram over 300 stolar til foreldre og andre som ville få med seg denne førjulshendinga. Det vart fullt på alle stolane og lokalet fungerte fint. Det var godt med litt meir plass å boltra seg på for både nissekledde utøvarar og publikum. Tradisjon tru var karategruppa, som trenar på skulen i Øvrebygda, med som gjester. Gjestene synte og litt av det dei held på med. Her var både nybyrjarar og meir trente utøvarar i sving. Elles fekk me sjå litt av det dei ulike aldersgruppene i turngruppa held på med. Foreldre med barn song og hoppa på tjukkasen, 4-6 år balanserte, hoppa og dansa, 1. klasse synte oss fugledansen og ein spennande hoppeball-stafett, 2. -3. dansa, hoppa, spelte fotball og hoppa slengtau og friidrettsgruppa, som er for dei frå 4. klasse og oppover, synte litt av sine ferdigheiter i høgde og stafett.

Tradisjon tru vart oppvisinga avslutta med at nissen og hjelperane hans kom på besøk med godteposar til alle ungane. Ein spennande og viktig tradisjon ingen vågar endra på, og som gjorde lukka fullkomen for mange av dei ungane som hadde stått i rampelyset denne kvelden.

Med denne oppvisinga tek turngruppene og idrettsskule-gruppene juleferie, men ynskjer alle aktivitetsglade ungar velkomen attende på trening i 2011.

Foreldre og barn-gruppa startar med å syngja namnesongen. Foto: Helga Rimmereid

Små turnnissar i alderen 1-3 år viser stor glede over å hoppa på tjukkasen. Foto: Kjetil Rydland

Små turnnissar i alderen 1-3 år viser stor glede over å hoppa på tjukkasen. Foto: Kjetil Rydland

Flotte nissegutar på turngruppa for dei frå 4-6 år. Foto: Helga Rimmereid

Flotte nissegutar på turngruppa for dei frå 4-6 år. Foto: Helga Rimmereid

Spennande med Bosu-ballansering. Foto: Helga Rimmereid

Spennande med Bosu-ballansering. Foto: Helga Rimmereid

Flinke danserar på gruppa 4-6 år. Foto: Helga Rimmereid

Flinke dansarar på gruppa 4-6 år. Foto: Helga Rimmereid

1. klasse viste stor iver i hoppball-stafetten. Foto: Kjetil Rydland

1. klasse viste stor iver i hoppeball-stafetten. Foto: Kjetil Rydland

Krisitan Træet frå idrettsskulen for 2.-3. klasse var ein stødig keeper. Foto: Helga Rimmereid

Kristian Træet frå idrettsskulen for 2.-3. klasse var ein stødig keeper. Foto: Helga Rimmereid

Tone Brakedal i friidrettsgruppa slengjer seg lett over 135 i høgde. Foto: Kjetil Rydland

Tone Brakedal i friidrettsgruppa slengjer seg lett over 135 i høgde. Foto: Kjetil Rydland

Frida H. Kjærland har nett veksla med Guro Rimmereid under friidrettsgruppa sin stafett. Foto: Kjetil Rydland

Frida H. Kjærland har nett veksla med Guro Rimmereid under friidrettsgruppa sin stafett. Foto: Kjetil Rydland

Karategruppa i aksjon. Foto: Kjetil Rydland

Karategruppa i aksjon, her med Ørjan Larsen og Damian Marszalek i forgrunnen.  Foto: Kjetil Rydland

Populær nisse. Foto: Kjetil Rydland

Populær nisse. Foto: Kjetil Rydland

Siren Brekke på instruktør Janne Vågen sitt fang ventar tolmodig på sin godtepose frå nisseassistent Sjur Rydland. Foto. Helga Rimmereid

Siren Brekke på instruktør Janne Vågen sitt fang ventar tolmodig på sin godtepose frå nisseassistent Sjur Rydland. Foto. Helga Rimmereid

thea Vestbøstad og Sandra Pedersen var to av nissen sine mange hjelperar som delte ut godtposar til alle ungane. Foto: Kjetil Rydland

Thea Vestbøstad og Sandra Pedersen var to av nissen sine mange hjelperar som delte ut godtposar til alle ungane og ynskte dei ei fortsatt fin adventstid. Foto: Kjetil Rydland