Sist onsdag var det nissefest Årskog barnehage. – Me har laga oss tradisjon på å gå å besøka nissen på låven før jul, fortel dei.

– Me har med oss graut til han og barna får fortelja kva dei ynskjer seg til jul. Me er like spente kvart år om nissen har funne vegen til låven i Årskog, og jammen var han komen i år og!

Han hadde trossa vêr og vind, funne fram nisselykta og satt klar på låven då me kom. Barna song nokre julesongar til nissen før dei etter tur fekk fortelja kva dei ynskte seg til jul.

Dei som hadde lyst fekk sitta på fanget ei stund, mens nissen snakka med barna. Me hadde ei kjempekoseleg førjulsstund i lag med nissen. Til slutt delte nissen ut mandarinar og ei lita overrasking til alle, før han måtte reisa vidare. Me skulle inn i barnehagen og eta graut, fortel dei vidare.

Årskog barnehage vil senda ein stor takk til Johannes Lars Tufteland, som i fleire år har stilt opp som nisse for dei! – Tusen takk for at du tar deg tid, i ei travel førjulstid, til å gleda barna i Årskog barnehage med eit nissebesøk! Me vil ynskja deg og alle andre ei god jul, helsar små og store i Årskog barnehage, gjennom fitjarposten.no.