Bakken barnehage hadde nissedag i flott vinterver.

Torsdag 9. desember hadde vi på Fitjar ein aldeles nydeleg vinterdag. Denne dagen skulle vi i Bakken barnehage ha nissefest med julegraut. Dei minste på Marihøna lagde til fest i barnehagen. Blåklokkene delte seg i 2 grupper, ei gruppe hadde fest i grillhytta på uteleikeplassen og ei gruppe gjekk til lavoen vår i Rossneset. Der blei det lest, sunge og ete julegraut. Det var mange flotte julekortmotiv då ungane med røde nissehuer gjekk innover i skogen mellom snødekka trær! Ei flott oppleving.