Nina Aarbø Olsen nærmar seg NM-kravet på 3000 meter. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Under torsdagens testløp i Fitjar Idrettspark kom Nina Aarbø Olsen i mål på råsterk ny personleg rekord, med 10.31,6, som berre er vel 15 sekund bak NM-kravet.

– NM-kravet på 10.15,00 kan no synast å vere innanfor rekkevidde for Nina, seier ein imponert Fitjar-trenar, Bård Inge Bø, til Fitjarposten.

Sjølv om det var den lettbeinte årbøjenta som imponerte mest under det spontane testløpet, kom ho berre på 5.-plass i det mannsdominerte feltet. Fitjar har nemleg fått fram ein del svært lettbeinte ungdommar, som spring fortare og fortare for kvar gong dei stiller på startstreken.

Johannes Sandvik Bø (14) dokumenterte nok ein gong fin form ved å tilbakeleggja dei 7,5 rundane på 9.49,4. Men på ein så lang distanse som 3000 meter, har han meir enn nok med å halda konfirmanten Halvor Livastøl Aga bak seg. Sistnemnde hang på – og drog delvis – heilt til det var 300 meter igjen. Då fekk Johannes endeleg den luka han trong. Halvor blei klokka inn til fine 9.53,6.

Trenar Bård Inge Bø var på førehand berre delvis lova ein plass på pallen. Med tida 10.18,0 heldt det akkurat, for rett bak, på imponerande 10.23,8, kom Marius Pedersen (13) halsande. Tida til trettenåringen Marius er personleg rekord med over eit minutt!

Der er vel unødvendig å nemna at tida til Nina Aarbø Olsen er soleklar klubbrekord for damer i Fitjar Idrettslag. Me gratulerer – kanskje me får sjå Nina i NM ein dag?