Nina Aarbø Olsen. Arkivfoto.

Under Bruløpet på Stord i dag ble Nina Aarbø Olsen den første kvinna frå Fitjar som sprang 10 000 meter under 40 minutt.

Med Bruløpet i dag er endeleg den lokale friidrettsesongen i full gang. Løpet i den 10 km lange løypa samla heile 115 spreke løparar, som er deltakarrekord.

I kvinneklassen stilte Nina Aarbø Olsen skarpskodd som alltid, og vann klassen 35 til 39 år. Med den knallsterke tida 39,46 blei ho nest beste kvinne uansett klasse.

Aller best i kvinneklassen blei Mari Armstad frå Buavåg, med tida 39,21. Begge dei to beste kvinnene kom under den gamle løyperekorden til Inger E. Mæland på 40,53.

Me gratulerer Nina med den sterke innsatsen i godvêret.

.