Marta Gloppen på boccia med Nils Vestbøstad som instruktør.

Boccia har blitt ein populær sport i Fitjar siste året, og dei aller eldste er med, fortel Terje Gloppen i ein e-post.

Tidlegare har me skrive om boccia i ballbingen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her møtest ein del ungdommelege seniorar til fredeleg kappestrid kvar måndag.

Terje Gloppen fortel i e-posten til oss at Nils Vestbøstad held vaksne folk i Fitjar i god trening med sine boccia-tevlingar i ballbingen ved kulturhuset.

– På dette biletet har han fått lokka mor mi, Marta Gloppen, som snart fyller 96 år, ut på matta, skriv Gloppen.

Nils’en er ein god instruktør. Ein passe dose teknikk blanda med ein større dose godt humør kan fort gje nye rekruttar til sporten.

– Takk til Nils’en, som held dei vaksnaste tå Fitjar sine innbyggjarar i aktivitet slik at hjernane og blodpumpene varer endå ei stund! skriv Terje Gloppen i e-posten til Fitjarposten.

- Annonse -