Astrid Østerlid i NAV Sunnhordland har god grunn til å smile. Foto: NAV

Arbeidsløysa i mai var på imponerande 1,4 prosent av arbeidsstyrken i Fitjar og 1,7 prosent for Sunnhordland samla.

– Dette er svært gode tal for regionen. Me må heilt tilbake til september 2009 sist arbeidsløysa var like låg, seier Astrid Østerlid, leiar for NAV region Sunnhordland.

NAV opplyser at det er Stord som har hatt den størte nedgangen i arbeidsløysa det siste året, med 84 færre ledige samanlikna med mai 2018. Arbeidsløysa på Stord er no 1,5 prosent.

Lågast arbeidsløyse i Sunnhordland finn me i Etne (1,2%), Fitjar (1,4%) og Kvinnherad (1,4%).

– Det har i lengre tid vore høg aktivitet i arbeidsmarknaden, og dette har helde fram utover våren. Det er godt å sjå at det er færre som står utanfor arbeidslivet. Me vonar optimismen i marknaden kan føra til at også fleire personar med «hol i CV-en» vert inkludert i arbeidslivet, oppmodar Øterlid.

Bømlo er den einaste kommunen i Sunnhordland som ikkje har hatt ei nedgang i arbeidsløysa. Her er arbeidsløysa no på 2,3 proent.

– Ein mogleg årsak til dette er permitteringar innan fiskeindustri, trur NAV.