I dag fekk Fitjar kyrkjelyd sjå alle som skal konfirmerast våren 2011.

Kyrkje var nesten fullsett då kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu ønskte velkommen. Han tala over ein tekst frå Matteus 5, vers 38 – 48, om å elska både vener og fiendar. Nobu minna om at Jesus er kjærleikens konge og me kan alle kome til han slik me er. Framføring av song, musikk og tale var spesielt retta mot dei unge. Rundt 40 jenter og gutar stilte opp framme i kyrkja og fekk utdelt kvar sin Bibel. Ein flott ungdomsflokk som no skal «gå for presten», slik det vart sagt før i tida. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi, og så inviterte Nobu dei unge og foreldra deira til orienteringsmøte.