Etter at styret i Midtfjellet Vindkraftverk tidleg i dag vedtok å byggja Fase 1 av vindkraftverket, er det klart for byggjestart. – Allereie neste veke kjem maskinane, opplyser administrerande direktør Ole Vidar Lunde.

Det er allereie lagt kablar opp til Olstjønn, og neste veke kjem dei første av anleggsmaskinane som skal byggja vegar på plass. Resten av maskinane vil vera på plass i løpet av september.

– Etter kvart som maskinane kjem, startar me arbeidet; både med å byggja vegtraséen nordover i fjellet – og med den nye vegen ovanifrå og ned til Rimbareidfeltet, fortel Lunde vidare.

I styrevedtaket som vart gjort i dag, heiter det mellom anna:

«Midtfjellet Vindkraft vedtar utbygging av Midtfjellet Vindkraftverk Fase 1. De to norske energiselskapene Vardar og Øsford Energi har 02.09.2011 kjøpt Dong Energy’s aksjepost i Midtfjellet Vindkraft AS. Etter kjøpet eier Fitjar Kraftlag SA, Østfold Energi Vindkraft AS, og Vardar Boreas AS en tredjedel hver i Midtfjellet Vindkraft AS.

På styremøte avholdt på Fitjar  ble det 2. september vedtatt å byggja Fase 1 av Midtfjellet Vindkraftverk. Fase 1 omfatter 18-23 vindmøller og infrastruktur (veier, oppstillingsplasser og transformatorstasjon) i forbindelse med dette….

Prosjektet som karakteriseres som et meget godt vindkraftprosjekt, fikk høsten 2010 tilsagn fra Enova SF om investeringsstøtte på 346,5 mill. NOK. »

Pressemeldinga fortel òg at ein reknar med at vindmøllene i Fase 1 vil levera straum på nettet frå hausten 2012.

Samstundes  med  bygginga av vindkraftverket vil Sunnhordland Kraftlag (SKL) byggja ein ny 300kV linje fra Børtveit i Stord til Midtfjellet. I byggjeperioden vil 25-50 arbeidarar vera engasjert med utbygginga.

Når det gjeld bygging av Fase 2, som er om lag av same storleik som Fase 1,  vil ein ta stilling til denne etter  at ein felles svensk/norsk sertifikatmarknad er etablert.

«Midtfjellet Vindkraftverk er karakterisert som et meget godt energiprosjekt, og vil i Fase 1 produsere 180 GWh ny fornybar el.energi, tilsvarende forbruket til 9000 husstander.», heiter det til slutt i pressemeldinga frå Midtfjellet Vindkraftverk.