Tidlegare Vårt Land-journalist Erling Rimehaug kjem til Fitjar neste veke.

Torsdag 28. februar er det ny temakveld i Fitjar kyrkje med tidlegare journalist og redaktør i Vårt Land, Erling Rimehaug.

Denne gongen får kykja besøk av Erling Rimehaug som vil snakka om: »Kan Guds vei gå i mørke?»

Når ein opplever åndeleg mørke og at Gud er langt borte frå oss, er det lett å tenkja på at det er fordi det er noko galt med oss eller vårt kristenliv. Men mørket kan også vera eit teikn på at Gud arbeider med oss. «Guds veg går også i mørke», seier Erling Rimehaug

Boka «Når Gud blir borte» skreiv han for nesten 20 år sidan .Denne boka fekk positiv respons frå mange med slike opplevingar. Han fulgte så opp med boka «Tørsten gir lys», og denne fekk Emmaus prisen i 2007 for beste kristne bok.

Erling Rimehaug har vore tilsett i Vårt land i 40 år.Her har han hatt ulike journalist og redaktørstillingar.No er han pensjonist men skriv framleis i Vårt land og i andre publikasjonar. I tillegg leier han Pilgrimsreiser, mellomanna til Israel. Han er utdanna lektor med realfag, historie og kristendom.

– Me ser fram til ein kveld med eit spennande og aktuelt tema, skriv arrangørane.