Solveig Leithaug, Siren Godø og Barbro Wiig Sulebakk vitjar Fitjar kyrkje førstkommande torsdag. Foto: pressefoto

«Sommerfuglvinger» er overskrifta på temakvelden torsdag 29. januar i Fitjar kyrkje.

Tittelen er henta frå Barbro Wiig Sulebakk sitt første soloalbum i 2014. Saman med seg har ho Siren Godø og Solveig Leithaug, alle tre frå Frekhaug
 
Barbro Wiig Sulebakk har dei siste 8 åra jobba med musikk for born og unge saman med familien sin, «Team Sulebakk». Dei har reist landet rundt med konsertar og famileshow i fleire år. Barbro Wiig Sulebakk er også andaktshaldar i NRK
 
Siren Godø er dansepedagog og koreograf. Ho har samarbeidd med Barbro i fleire år, og hennar vakre dans og sterke koreografi rører publikum på ein heilt spesiell måte.
 
Solveig Leithaug er nok godt kjent for dei fleste. Ho debuterte som 18-åring med plata Askepott. Sidan har det blitt elleve norske og seks engelske album, og ho har oppdrag over heile verda. Dei siste 20 åra har ho vore busett i Amerika, og ho har motteke ein heil del utmerkingar der. Solveig har si eiga spalte i Gather Homecoming Magazine, og samarbeidet med Gloria og Bill Gaither har mellom anna ført ho til countryens storstue, Grand Ole Opry, ei konsertscene få nordmenn har æra av å opptre på. I november i fjor var ho klar med sin sin siste cd «Finding Home». Mange av songane på denne plata har vore hyppig spelt på NRK1 i ulike samanhangar. Solveig  var også aktivt med under Salmemaraton i NRK i desember.
 
På temakvelden i Fitjar vil du få oppleva korleis song, musikk og dans/koreografi smeltar saman på ein måte som gjer formidlinga ekstra sterk og tydeleg. Både Barbro og Siren har sterke historier dei vil fortelje, og Siren tolkar både ord og musikk på sin eigen vakre måte!
 
Velkommen til ein fin kveld i kyrkja!!