-Men har opplevd den nest kaldaste januarmåneden på 110 år, skriv Annar Westerheim til fitjarposten.no

Westerheim skriv: -Januar 2010 tok ein god 2. plass (- 3.4 grader ) på kaldast målt middeltemperatur i heile 110 års-perioden. Det mangla berre – 0,3 grader for å sletta rekorden frå 1942 med -3.7 grader. Uveret Ask får ta skylda,det uroa høgtrykket og feia innover land med mildver og nedbør.

1941 og 1987 (-2.9 grader ) er rangert på 3. plass, og som ein god nr. 4 kjem 1917 og 1895 med -2.7 grader. 

Nedbørsrekorden frå 1895 med minimum 19 mm. sto lenge i fare for å ryka, men med påvirkning av uveret Ask kom det ein del nedbør i slutten av månaden. Det kom 37 mm. nedbør, som held til ein 4. plass i heile 110 års-perioden.

No i desse OL-tider er ein 4. plass kansje ikkje så mykje å skryta av, men ser me samanhengen over 110 ar, så er det vert å leggja merke til. Rangert  etter minst nedbør er nr. 1: 1895 (19mm. ) nr.2: 1917 (28mm. ) og nr. 3. :1986 ( 30mm ). 

Kontrasten til det kalde stabile vinterveret me har lagt bak oss no er januar, februar og mars  1989 med maksimum middeltemperatur på heile + 5,9 grader og 478 mm. nedbør for januar-månaden. Samla nedbør for dei 3 vintermånadane var på 1105 mm. 

Nedbørsrekorden er frå 1967 med heile 3069 mm. Tar me med minimumsrekorden er den på 1382 mm frå 1915. 

Indre Matre i Hordaland har nedbørsrekorden i løpet av eit døgn: 229,6 mm, 26.november 1940. Det tilsvarer 229 600 liter vatn på ei normal hustomt på eit mål. -For dei som er lei snømåking og er vel forsynt med snø, kan eg nevna rekorden med snø i løpet av eit døgn: 131,8 mm den 4. februar 1960. Ein mm. snø = 1 cm. Målt i snødyde får me 1,3 meter, skriv Annar Westerheim til slutt i sin spennande vêroversikt.