Osternes mannskor vart nest beste mannskor  i den store songkonkurransen "Syng for oss" i Grieg-hallen. Berre Follese Mannskor hadde meir poeng i denne klassen.

Bak seg på resultatlista hadde dei mellom anna "Nordhordlandskoret i Bergen" og "Bergens Handelssamfunds Sangforening".

Osternes Mannskor song som nr. to fredag føremiddag, og både dirigenten Ole Christian Ottestad og koristane hadde ei god kjensle då dei kom ut att. Om salen var stor, var det godt å syngja der, fortalde dei.

Og om dei ikkje nådde GRAND PRIX-finalen, har dei likevel all grunn til å vere svært fornøgde med 2.plassen mellom mannskora.

Damekoret KOR UTEN NAVN frå Nittedal gjekk heilt til topps i GRAND PRIX-finalen finalen i dag. Øvrige deltakarar i Grand Prix-finalen var : Volve Vokal, Follesø Mannskor, The Real Choir og St. Sunniva Ungdomskor.

Volve Vokal frå Bergen vann både damekorklassen, og klassen for scenisk uttrykk. Dei vann òg publikumsprisen.