Slik avslutta opersongar Runar Thor Gudmundsson stuntkonserten som Ole Bergesen fekk i stand på kvelden 17. mai, og me har sjeldan vore så glade for at me ikkje sov!

Knapt 200 fekk med seg bygdakvelden som Ole Bergesen skipa til på rekordtid i går kveld, og det var altfor få. Det var heldigvis nok til å skapa ei magisk stemning for oss som var til stades, men denne opplevinga hadde me unnt alle 800 som var innom kultur- og idrettbygget tidlegare på dagen. Dette var nemleg noko av det flottaste som nokon gong har vore prestert på ein scene Fitjar, på ein skala frå 0 til 10 foreslo ein musikkjennar frå bygda ein stad mellom 9,7 og 9,8. Og me er hjartans einige.

På kort tid hadde Ole tromma saman eit sterkt orkester, med Jostein Marø, Rudolf Fredly, Jan Evald Kleppe og Kristoffer Tangen. Kanskje var det medverkande til å lokka fram det beste i dei unge heltane våre. I alle høve fekk me gle oss over fine prestasjonar av Marthe Volden Nordfonn «Det vacraste jag vet», Ingrid Skår Bergesen «Det finaste eg veit», Ingvild Oma «Your song» av Elton John, Ole André Westerheim med eit Queen-potpurri, og Karine Lillenes, eit nytt ansikt for fleire av oss, er ei dame me svært gjerne vil høyra fleire gonger. Duetten mellom Audun Arthur Mehammer og Ingvild Oma i «Angels to fly», viste at røystene deira stod svært godt til kvarandre.

Innimellom songane fekk me gjensyn med dei største revyheltane i bygda, og ingen av dei svikta denne gongen heller. Både Henning Wichmann som Oscar og Terje Træet som kommunelege og som rådmann Tornes var i toppslag. Det same må seiast om innsatsen til dei to som entreprenør Geir Strand og Karl Sandvik i arbeidet med den nye steingarden rundt Fitjar kyrkjegard. Men Ole Bergesen sjølv var ikkje dårlegare, innsatsen hans som fotballdommar var kanskje det aller beste me har sett av revy i Fitjar. Og det seier naturlegvis ikkje lite. Denne gongen gledde han oss òg med ei strålande tolking av Stord-ordførar Liv Kari Eskeland.

Knapt eit auge var tørt i salen etter revyinnslag på toppnivå, og vokalprestasjonar av lokale ungdommar. Og det skulle ikkje bli mindre tårer i augekroken då Runar Thor Gudmundsson avslutta bygdakvelden med ein kjent arie frå Puccini-operaen Turandot, «Nessun dorma» – ingen må sova! Alle som trudde dei ikkje skjøna seg på opera før, må ha skifta meining no, etter ei slik gripande framføring. Det blei ei høgtidsstund av dei sjeldne, noko av det sterkaste me har høyrt i Fitjar!

Ole Bergesen har vist før at han er blant dei beste i Noreg i sin sjanger, med prisar frå Revyfestivalen på Høylandet. Me får berre gle oss over at han plukkar det fram gong på gong, og at han har nesten like talentfulle medspelarar. Dersom det er denne kvaliteten me kan venta oss under Sommarrevyen i år, er det ingen grunn til å venta med å kjøpa billettar. Dette var den beste førehandsreklamen som tenkjast kan.