29. august er det revy og basar i Nesevågen. Ein revy som temmeleg sikkert har element i seg som du ikkje har sett før.

Billettane er forlengst for sal, og for 300 kroner får du billett til revyen og båtskyss frå Fitjar sentrum tur/retur på kjøpet.

-Dette vert eit publikumsvennleg arrangement som passar alle. Når du kjem ut til Nesevågen vert det matsal, god drøs og topp stemning! Revyen startar etter kvart og undervegs tar me pause med god gamaldags basar. Når revyen er slutt tar du båten attende til sentrum. Her er eit begrensa antal billettar så det er ikkje noko å venta på!, skriv arrangørane til fitjarposten.no

Til slutt får me vite at ein kan kjøpe billettar hos Larsen Multihandel eller Thea Træet AS, og at båtskyssen startar 19.00 frå kaien i sentrum.

 (ANNONSE)