Foto: konfliktrådet

Konfliktrådet Sør-Vest har hatt ein nedgang i tall saker i 2020 – samanlikna med 2019.

Mona L. Hammerfjeld, fungerande leiar Sør-Vest fortel at 2020 har vore eit krevjande år, der Covid19-utbrotet gjorde at konfliktrådet måtte på kort tid gå over til mekling via digitale plattformer.

– Partane har i alle typar saker fått valet mellom å ha digitalt møte eller å venta til fysiske møter kunne haldast att, fortel Hammerfjeld.

687 saker er mottatt i 2020, samanlikna med 725 saker året før. Saker som handlar om vald og truslar er den største kategorien i sakstatistikken. Så er det mindre tjuverisakar, familiekonfliktar og nabokonfliktar.

Prata saman

– Pandemien er ein av årsakene til nedgangen (- 29%) i talet på straffesaker. Så når samfunnet vert meir normalt igjen, forventar vi at henviste straffesaker frå politidistriktet vil auka att.

– Potensialet er stort og vi ønsker at enda fleire skal få tilbod om eit møte hos Konfliktrådet for å få snakka med kvarandre om krenkinga eller konflikten, som dei har opplevd eller står i. Partane får setja ord på sine opplevingar, og sjølv bestemma resultatet i saker, avsluttar Hammerfjeld.