Etter oppturen på Halsnøy sist helg kom Fitjar ned på jorda att med 0-3 tap mot Rosendal.

Fitjar måtte til denne kampen henta inn gamle kjempar som Victor Aga og Stian Hatlevik.  I forhold til kampen mot Halsnøy så måtte Fitjar klara seg utan Arild Træet (3 gule kort), Gjert Ståle Olsen (jobb), Tor Jørgen Larsen (reise), Knut J. Selsvold (reise) og Helge Træet (sjuk). Dette førte til at heile forsvaret måtte endrast, og dette førte også til endringar på midtbanen. Men Fitjar hadde likevel ein god førsteomgang og burde nok teke leiinga på nokon av dei store sjansane. Spelet glei lett, og me kom til mange sjansar og avslutningar,  utan at ballen gjekk i mål.

I andre omgang held Fitjar fram med presset, men etter kvart kom Rosendal/Uskedal meir med, og i det 71 minutt scora dei.  Etter dette sette Fitjar inn eit press og hadde fleire store sjansar.  Ein gjekk over til 3 i forsvar for å setja inn eit ekstra press dei siste 10 minutta. Det hadde nesten lukkast, men i staden gjekk Rosendal/Uskedal opp og kontra inn 2 raske mål heilt på tampen av kampen.
No ventar Djerv på heimebane neste laurdag. Her må publikum møta opp og støtta laget, med siger her kan mykje vera gjort i høve til opprykk til 3 divisjon neste år.

Kampfakta:

Rosendal/Uskedal – Fitjar  3-0

Uskedal gras, 23.09.06 kl 15.00.  Tilskodarar 30.

Fitjar: Trond Henriksen, Sondre Fykse, Åsmund Sørfonn, Stian Hatlevik, Magnus Skumsnes, Kjell Træet, Sindre Andreassen, Jan Åge Tislevoll, Thomas Vestbøstad, Kjell Magne Halleraker, Ronald Skår.

Innbytte: 80 min. Victor Aga for Thomas Vestbøstad.
  85 min. Kåre Olaf Skram for Magnus Skumsnes.
            
Mål:  

0-1 71 min.
0-2 89 min.
0-3 90 min.